På tide, tenkte eg då eg las overskrifta i avisa om at BV hadde fått massive kritikk . No begynner kritikken frå grasrota og «offera» å virka. Men nei.. kritikken var visstnok berre basert på at BV ikkje
klara å gå igjøno og ta tak i alle bekymmermeldingane som kom .. Hallo tenkte eg, bekymmermelding kan jo dei fleste fabrikkera i hytt og pine. Det kan være far i ein småbarnsfamilie som ikkje lever så «streight»
som han burde..då er det jo berre å sende bekymmermelding så er heksejakta igong. Og I overskrifta til den «seriøse» pressa vert det ikkje nemnd med eit einaste ord om grove overtramp av BV i mot forsvarslause familiar.
Før i verda var «dørpikkerane», Jehovas Vitne, som av og til kom på besøk. Dei kunne vi venlig og bestemt skyssa vekk , viss vi på ikkje var overirige for å få igong ein liten diskusjon om religion eller
noke. Dei nye «dørpikkerane» er BV, og dei lukker du ikkje døra for, for dei set ein fot ivegen i døropninga. Denne foten eller brekkstonga for å komma inn er: Slepp oss inn, elles tar vi i alle fall barnet ditt. Noke
som dei i mange tilfelle gjere likevel. For BV har vorte ein big business. Her er det mange sakshandsamerar, hjerneskrimpere, og hengarounds tener godt på unga våre.
Og som han sa ein kompis…noken av «dørpikkerane»
er så unge at dei ikkje har hår på …. eingong. Stemmer, repliserte eg til han , eller de kan umulig ha brukt …. for dei kan ikkje ha ærfaring med å ha og å oppdra ungar. Dei kjeme med masse rigide lærdom
frå bøker og skular bak seg. Lærdom som er skreve av typer mennesker som i alle fall eg vil unngå å omgåes. No skal det også seiast at det er ikkje i alle heimar at BV går så ivrige inn. Er det vold og
øvegrep så det kan vera farlig å gå inn..då lukkar BV augene og går med lette steg forbi dei dørene. Mykje betre då der det bur einslege eller «snille» folk.
Og om filmskapere i utlandet,
Frankrike Italia, Tsjekkia har fatta interesse for eit fullstendig håplaust BV som vi har her til lands og som lager dokumentar om dette, det er for aktørane i dette bizzare spelet fulstendig uinteressant…dei durer i veg. Ikkje utan ein
viss slitasje og fråfall i rekkene. Det må jo koste..de er jo mennesker dei også..trur eg. Og det finnes jo medmenneskeligheit i dei rekkene også. Vi har hatt ei, som har hjelpt oss som fosterforeldre heilt fantastisk. Men ei er ikkje
nok til å dra snittet opp.
Men attende til alle dokumentarane som vert laga..så er det vel snart på tide ein Hollywood versjon..med kjente skodespelerar. For i dette miljøet må det jo vera stoff for å lage mange
spelefilmar. Lange heilaftens filmar eller seriar over fleire sesongar på Netflix..Tipper det kjem snart.