Eg skal definitivt ikkje bli ein oppdrettslaks i mitt ev. neste liv, gladlaks ja..men altså
ikkje oppdrettslaks. Det er ein hardt prøva art. Som til eks. i det nye Marine Harvest settefiskannlegg i Fjæra , her har ein bakterie slått til og to millionar yngel må bøta med livet. Altså skal ein følge tankerekka
så hadde det blitt eit kort sjukdomsfylt komande liv. Bedre blir det dessverre ikkje , når,eller hvis, ein kjem så langt som ut i mærane, her står sjukdomane i kø for den stakkars salmo salaren. For som Karen Frivik skriv
i ein kronikk i KK, om antibiotikabruken har minka så vil 20-25% av laksen dø pga av forskjellige sjukdommar og dårlegare livskvalitet.Ho ramsar opp PD , ein sjukdom som får laksen til å slutte å ta til seg næring
pga av smerter i magen og deretter lammelser i spiserøyret slik at den ikkje kan svelge. Så hjertebetennelse som er den vanlegaste infeksjonsykdommen. Og kronisk bukhinnebetennelse som er noke av det mest smertefulle for mennesker, dette er ein
heilt vanlig lidelse for oppdrettslaksen.
Ho skriv at norske laksemerder skaper
så mykje lidelse at hadde dette dyreholdet foregått på på landjorda ville det vært nedlagt for lenge siden.
Noke å tenke på når no oppdretterane køyrer fram DeCaprio som eit sannhetsvitne om at vi treng dennenæringa.
Nei det blir ikkje noke neste liv i ein mærd for meg..om eg får bestemma sjøl då.