Blogg

 

Her på den vestlege Riveriera blæs det i dag ein kalde vind frå aust. Nett som dei politiske signala som kjeme derifrå..kalde . Vegen over Haukeli er stengt..for ente gong. Det bryr ikkje dei som har store planar med  veg/jarnbane  seg om. Planane dreier seg så klart om austlandsregionen og om å lage ennå fleire vegar med midtdelerar der aust og om nye tunnellar under hovedstaden. Planane for ein trygge veg aust -vest har rykka lenger bak i køen. Politikerane på dette nivået kan den kunsten..splitt og hersk. Dei reiser no i desse gryande valkamptider rundt med fagre løfter til Bergen, Haugesund ,Stavanger og alle bygder . Så er det åsetta dei forskjellige vegalternativa opp i mot einannan ..slik at 90% av planane dett isaman som korthus.  «Vegen kjem, om enn ikkje i den standarden som ein kunne forventa..berre vent vent med motoren igong i ennå ein tre -fire timar ».  Smil tappert  medan du venter på ein brøytebil i utkanten på Haukelitunnellen, eller der nede ved bommen i Vågsli. Vent , medan du lurer på om du har nok strøm/bensin/diesel igjen til å halda varmeapparatet igong så du og dine ikkje skal frysa ihel før kolonnen set seg igong.

Ikkje rart Erna mister taket på bygdenorge..men pytt pytt , Oslo har jo bortimot ein million innvånere så dei er jo mykje betre å satsa på for å kunne halda seg med makta.  Vi her ute i distriksnorge  er skikkelig leie for å bli salderingspostar. Vi skjeler imot senterpartiet ..kanskje dei kan jobba litt for oss?

For vel ei uka sia kjøyrte  fruen og meg , med campinvogn på slep på Sørlandske via Stavanger og Kristiansand for å komma oss heilskinna austover. Vegen var lang, men det var ein fornøyelse å kjøyra på skikkelige veg. Frå Kristiansand og vidare aust/nord vippa speedometret over 100 , med vogna på slep på flotte firefeltsveg.  Mila gjekk som ein drøm.

Over Haukeli , som nok hadde vore ein 25-30 mil kortare våga vi oss ikkje..der var det kollonne.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.