Blogg

Eg mistenke at Etne administrasjonen har eit eit eldgamalt bilde frå Skånevik, liknade dette som er  Strandsted Skånevikskanten, hengande på veggen i møterommet sitt.  

Under biletet står det : Slik skal Skånevik sjå ut !  Det et er bilete frå den tida Lars Hertervik vandra rund i bygdene våre med malarpenselen sin. Her er det ikkje tegn til industri, utanom trebåtbåt slippar. Ikkje er her skular, utanom eit lita stuge med utedo. Aldersheim er det sjølsagt ikkje , og vegen er omtrent av same standarden som no, berre utan faste dekke.   Litt inne på land tronar Milje gard med eksotiske planter rundt og ute på vågen ligg det nokre robåtar og duppar. Telefonlinene kjem øve fjellet frå Etne.  Ved kaien der den gamle Bjellandsfabrikken no ligg, ligg det ein turistdampar med fargerike folk og paraplyar om bord. Alt andar nasjonalromantikk og ro.

Akkurat slik vil Etne administrasjonen ha det.

Inne i Stortingsalen trur eg de har eit liknande bilete hengande . Det er eit bilte frå «Farmen» i beste 1890 stil . Her og  er det også nasjonalromatikk på sit beste. For dei styrande der inne meiner at nett slik skal bygdenorge sjå ut. Sjølforsynte og med ingen krav til høgare makter om at slike ting som statlege arbeidsplassar ol skal ligga noken annan stad enn inne i hovudstaden.

For utkantane skal betala sin skatt med glede , jubla kvar 17mai, spela  Per Gynt på ungdomshusa, væra trufaste imot formynderar  og må for all del ikkje komma med krav, av noke slag. 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.