Eg har funne ut i min viten eller heller kanskje pga av mangel på ds, at for å leva heilt rett i desse miljøtider er å verta vegetarianer på heimefronten, Teslakjøyrar på bilfronten og kunne heisa segl på
båtfronten. ,Slik som det er no må eg nesten vera ein miljøversting. Eg (vi) har 2 store dieselbilar pluss ein veteranbil med store bensinmotor, på båtfronten har vi ikkje berre ein båt, men to, med 3 svære dieselmotorar.
Ein lette øvesikt seier at det er over 1000 dieselhestar pluss øve 100 bensin hk. Plusser ein på plenklipparen og strømaggregatet..nærare 120hk.
Og seglbåten selde eg i fjor. Ikkje det at vi heiste så mykje
segl..men vi hadde i alle fall sjangsen. Men altså med så mykje dieselkraft kunne ein jo nesten vore ein liten Fredriksen ute på havet. Kunne drifta eit lite lasteskip eller noko.
Nei med så mykje miljøsynder er det ikkje
rart at ein bøyer ryggen i skam . Men så høyrte eg i debatten i går kveld at viss du tok ein flytur til London så forureina du så mykje som du ville gjort med eit halv års forbruk på ein bil som går på
fossilt brennstoff. Dermed så retta eg ryggen att, om ikkje heilt opp i rett stilling ..så nesten. Ikkje det at eg brukar fly mykje heller. Men det gjere jo gode vener. Dei drar til syden ein to tre gonger i året, drar på jobb i austen,
og drar over Nordsjøen for å sjå Liverpool. Ikkje at eg misunner dei dette..men det eit tankekors for oss alle. Og ….halvparten av dieselkrafta mi ligg meir eller mindre i opplag, for vi bruker Suncruiseren meir som ei hytte og ikkje
starter vi dei andre dieselhestane kver dag heller.
Så no fekk eg litt betre samvet og vart litt rettare i ryggen…Men snøkvite miljøvernar vart eg ikkje.