Blogg

Sportslørdag..på TVen.. først storslalom med tøffe jenter og så starter Touren. Håper på at  Østberg er heilt frisk og at Kalla kan yte dei norske litt motstand. Men det blir vel til at Johaug rykker frå i første bakken..Og for dei mannlege sin del så blir det vel Trøndelag i mot resten av verda.

Lynsjakken som er sponsa av ein Saudiarabisk konge hopper eg over trur eg. Har alltid vore litt usikker på denne sjakken om det er sport eller ikkje. Synes det blir litt for mykje knefall rundt Kong Manus …NRK reporteren må jo vera småsåre på kne og albogar slik han går i kne for hans nåde. Sjølv om hans nåde er blitt litt meir spiselig dei siste åra så henge det litt igjen når han setter leppa fram og furter etter nederlag. Her i Etne har vi jo til og med ei statue av kong Magnus..men han var vikingkonge (?)og slett ingen nørd. For sjakk er jo, viss det er sport då , ein sport for nørder. Ingen av den gjenge har vel under 150 i IQ..Tenk på all hjernekraft som blir kanalisert rundt ei lite firkanta brett med noken brikker på. Tenk på barndommen til slike nørder då .. oppveksten går med på skjønne rokader , bindinger, italienske(?) åpningar . og masse anna knask . Dei leste sikkert om spel som dei gamle mesterene hadde spelt, ikkje som oss med langt mindre IQ  som leste Morgan Kane og Coktail..  

Fatteren skulle læra meg å spilla sjakk i den gryande ungdom. Som ballast hadde han tjuvtriks som å setta ein matt etter få trekk. Dette hadde han utvikla saman med sine brødre , mine onklar. Så kver gong så var eg satt matt etter berre få trekk. Ingeting drepe jo entusiasmen meir enn å berre tapa så eg slo meg heller på fotballen , kortspel og musikk…

 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.