Blogg

Vi blir heile tida minna på at vi lever i eit kontrastanes land…fattig..rik..fattig ..rik. Som for eks når Haugesunds avis skriv på sine bilsider ein mandags morgon seint i okt. Joda dei kjøyrer test av Mercedes- Benz V300 D 4Matic. Ein draum av ein bil, prisen begynner på vel 900T for ein med skarve 136hk i ,men (heldigvis) i testbilen er det 239 kraftige dieselhestar til å driva den 2,6tonn tunge saken, men då til den nette sum av vel 1,3millionar.  Og dokker har vel peiling på ka bil det er, det er jo ein slik ein som byrådane i Oslo, Raymond Johansen og Marie Lan Berg kryp inn og ut av på TVbildene frå den store elektrifiserte stad. Eg har og sett dei breie akterspeilet til Erna gjera det same.

Men altså Mercedesen blir i HA presentert som eit meget godt alternativ til å fylle på bilparken til direktørar  og hippe bedriftsleierar. Her får de plass til fruer, unger og ein underbetalt aupair eller  to. Og på fritida kan jo elskerinnene breie seg (ligge?) i godt polstra baksete. (dette siste var ein ide frå meg). 

Men dette var vel ikkje så interessant for meg eller deg kanskje , i alle fall ikkje før om ein 10-12år, då  vi kan kjøpa vidundret brukt til vår overkommelege pris.  

For riktig å gni det inn på oss mindre bemidlede ,  så har HA ein minitest om Volvos første elbil. Som i pris er nesten like  uoppnålig  som Mersjen.. Men denne kan vel kanskje i fråfall av alle dei avgiftene som jo El bilar har , kanskje komma i frågan hjå dei som bestemmer lønna si sjølv . Slike som stortingsrepresentantar og ordførerar.. Vi andre som ma blir lønna av Statens Pensjonsfond må nok også her vente på slike vidunder i dei tilmålte 10-12 åra, eller kanskje aldri?

 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.