Fyllte full tank på gamlevolvoen idag. Over 900kr takk. 14,99pr liter diesel på Tanken ..ennå meir takk. Eller kanskje ikkje , kjøyrte forbi Shell og her låg prisen på 13,99/l , for
ei stakket stund kanskje . No må Tanken skjerpe seg ...Men iallefall så har eg vel ikkje brukt så mykje penger for å fylle opp ein bil sia eg på 80 talet lånte ein Buick med tom tank. Er vel ikkje med dei varme kjensler
vi sender til styresmaktene i Frp sitt bompengeland når de nå skal til med auke i avgift på bensin og diesel.
Joda eg veit at FN sitt klimapanel sender ut advarende peikefingre til oss alle om
temperaturauke på kloden og med all den styggedommen det fører med seg. Men som pensjonist har eg ikkje råd til nye elbil. Og når eg tenker etter så tviler eg på om elbilar er så miljøvennlige som eliten påstår.
Dei skal jo produserast dei også..dei har batterier som skal skiftast ut etter ei tid. Batteri skal jo ha lading også og det går vel ut over kraftforsyninga og den snart frie flyten på elmarkedet.Vi veit jo snart ikkje kor krafta vår
vert produsert..kjeme kanskje frå gedigne kolkraftverk der syd.
Her er det mykje skyggelegging ute å går , ein kjøper elbil den eine uka og kanskje få seg jobb i styret til Fredrik
Hauges Bellona.. Mens ein i neste uke tar ein fly til storbyar for handel og til strendene der sør. Det er jo igrunnen latterlig at vi kan godta drittbillige flybilettar mens ein skrur opp diesel/bensin prisane til bilparken så korkje barnefamiliar,
pensjonistar og mange andre har råd til å vri om tenningsnøkkelen til bilar med faktisk miljøvennlige motorar med svært lite utslipp.. Det er jo klart at den politiske eliten har utpeika diesel/bensin bilen som den store stygge
miljøulven..Det har de jo gjort i mange mange år. For vår del så bruker fruen og eg fly svært sjelden men gamlevolvoen har vi verkelig bruk for.. Vi bor på landet og buss går så sjelden at det er ikkje aktuellt.
Ikkje kan vi komma dragande med eit par hundar inn på ein offentlig buss heller.